
Kom og ver med på Festifjellet, laurdag 28. juni med start frå Kalkstasjonen kl. 09.00.
Bli med oss på Fest i fjellet. Uskedalen er eit eldorado for fjellfolk i alle fasongar. Anten du likar turar i fjellet, klatring i fjellet eller buldring. Uskedalen har noko for alle. Dette vil me visa fram. Både klatringa og fjellturen er gratis. Fredag 27. inviterer me på tur til Geitadalstind. Dette er den perfekte oppladinga til Festidalen.
Turen til Geitadalstind er ein av dei flottaste turane på Vestlandet med ein fantastisk utsikt. Turen går frå Kalkestasjonen kl. 09, og vi er tilbake i god tid før konsertane startar på Dønhaug. Turen er eit samarbeid med DNT.
Laurdag 28. kan du vera med på klatring i dei legendariske Uskedalsfeltet. Det blir ein lågterskel klatrekonkurranse der alle lag skal innom ein del bulder og litt tauklatring. Det er ingen krav til erfaring, verken på tau eller buldring. Vi stiller med klatresko så langt det rekk, til dei som ikkje har sjølve. Vi stiller sjølvsagt også med crashpads, tau og selar til alle!Påmelding på www.festidalen.no
Tekst/foto: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal