Uttale frå arbeidsgruppa mot nedlegging av Uskedal brannstasjon

Viser til innstilling frå kommunedirektøren der ein innstiller på å leggja ned Uskedal Brannstasjon.
Det blir sagt at nye krav og økonomiske disponeringar ligg til grunn.
Vi veit at det er blitt strengare krav med tanke på helse og sikkerheit til brannkonstablane. Det er krav som har vore kjent ei stund og det forbausar oss at desse krava enno ikkje er blitt innfridd.

Arbeidstilsynet hadde sine tilsyn landet rundt i perioden 2016-2017, og dei skreiv ut avvik til mange stasjonar, også stasjonar i Kvinnherad. At dei framleis ikkje er lukka, er kommunen sitt ansvar, sjølv om det ikkje var noko tidsfrist den gongen. Likeins undrast vi over at dei nye stasjonane som er bygde i dei seinare åra, heller ikkje møter krava.

Kommunen har fått gjennomført tre lovpålagte analysar, ROS-analyse, førebyggjande og beredskapsanalyse. Analysen er laga av ein ekstern konsulent. Denne konsulenten skriv i innleiinga til rapporten, at han byggjer analysen på rettmessig mottatt informasjon. Det er då ein kan lura på kva agenda dei hadde dei som gav konsulenten informasjonen.

Vi kan nemna at Hagetunet, Uskedal Båtlag og Øyro Marina og Camping og Rabben Feriesenter ikkje er nemnd med eit ord. Hagetunet kan vera eit særskilt brannobjekt- kor vidt dei er 10- eller 20-minuttsobjekt. Dette er rett og slett for dårleg.

Så til innstillinga frå kommunedirektøren:
– Grunnlaget for at ein ikkje vil oppretthalda Uskedalen er at kravet til utrykkingstid er innfridd etter Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB) sine rettleiarar.

Det som ligg til grunn for dette, er ein køyretest 3. mai 2024 frå Rosendal brannstasjon til Synet, staden der ein først møter grensa for tettstaden Uskedalen. Denne målinga vart utført av to frå leiinga i KBR og ein frå konsulentfirmaet. Dei klarte turen rett under 13 minuttar med nokre få sekundar. Vi er mange både fagfolk med utrykkingserfaring og andre, men ingen kjem under 13 minuttar utan å køyra over fartsgrensa. Denne testen minner oss om Bukken og havresekken. At det skal gjerast til ein kamp om sekundar og stoppeklokke, høyrer ingen stad heime for å leggja ned ein stasjon. Dette er ei simpel og uverdig framferd av kommunen.

Det ligg i kommunens handlingsrom (Jf. Brann- og redningsvesenets §§ 22 sin rettleiar), å finna ut om grensa for tettstad er oppfylt når ein først møter grensa for tettstad, midt i eller lengst vekke frå brannstasjonen.

Her har KBR og konsulenten sjølve bestemt at ein nyttar den staden som liggnærmast brannstasjon i Rosendal. Det gjer dei berre for å få lagt ned stasjonen i Uskedalen. Vi har snakka med DSB om slik framferd, og dei seier at dei fleste kommunar nyttar den staden som er lengst frå brannstasjonen, eller midt i tettstaden. Dei som nyttar nærmast gjer det berre for å få lagt ned ein stasjon, i følgje DSB. Det er trist å sjå at Kvinherad har plassert seg sjølve i den siste gruppa. Dette kan politikarane gå inn å retta opp, når som helst, viss dei har ryggrad og vilje til det.      

Konsekvensane
Det står i beredskapsanalysen: «ved nedlegging av ovannemnde stasjonar vil det kunna oppstå hendingar der KBR sitt mannskap kjem seinare til hendingsstaden enn dei elles ville ha gjort». Dette igjen kan føra med seg auka konsekvensar av hendingar – i verste fall dødsfall.
Dette blir ikkje nemnd med eit ord i saksframlegget.

Vi har hatt mange samtalar med DSB, og dei synest det er trist at ein legg opp til ei slik utvikling all den tid Stortingsmelding nr 16 så klart seier at liv ikkje skal gå tapt og ein skal ha mindre tap av materielle verdiar. Dei seier og, at kjem det ikkje brannmannskap på hendingsstaden innan 10-15 minutt, så må ein rekna med at store verdiar går tapt i langt større grad. Stortingsmeldinga er også målet for Kvinnherad Brann og Redning og så går dei sjølve inn for det stikk motsette.

Det står at saksframlegget byggjer på vurderingar i analysane. Det blir og vurdert slik at innstillinga vil føra til ei berekraftig og trygg teneste for tilsette, innbyggarar og besøkande. Vi har ikkje møtt nokon i dei bygdene som no vert råka som føler seg trygge lenger.

Samla viser konsulentanalysen til:
– lav dekning av tilgjengeleg mannskap.
– Dette stemmer ikkje: Uskedal brannstasjon har ikkje problem med rekruttering av mannskap.
– høgt antal brannstasjonar i forhold til innbyggarar.- Vi veit at kommunen vår er langstrakt. Det er det Ikkje så lett å gjera noko med.

Ny stasjon på Seimsfoss
I innstillinga frå kommunedirektøren snakkar ein og om ein ny stasjon i området Seimsfoss, nokre få kilometer frå dagens stasjon i Rosendal. Det må då vera eit luftslott. Stasjonen i Rosendal var ferdig ombygd i 2019, og så skal den no leggast ned for å byggja ein ny stasjon til ein langt høgare kostnad nokre minuttars køyring unna. Det er heilt meiningslaust, når ein har dårleg økonomi i utgangspunktet og ein får heller ikkje igjen det ein har investert ved stasjonen i Rosendal. Vi kan få ein langt rimelegare og godkjent stasjon i Uskedalen som kan styrka beredskapen for heile kommunen. Uskedalen ligg dessutan sentralt til, både i forhold til Husnes og Rosendal. Dette er ei god og økonomisk løysning for fellesskapet.

Beredskap
Avviklar ein stasjonen i Uskedalen, vil beredskapen i Uskedalen bli BETYDELIG svekka. Branntropp frå Rosendal vil vera på hendingsstaden ca. 15 min. seinare enn kva ein tropp frå Brannstasjonen i Uskedalen ville vore. Det hjelper ikkje om ein bemannar opp til det dobbelte i Rosendal, avstanden frå Rosendal til Uskedalen blir den same.

Avviklar ein stasjonen i Uskedalen, vil beredskapen i KVINNHERAD også bli BETYDELIG svekka. Treng branntroppen i Rosendal hjelp må ein få hjelp frå Husnes. Det vil seia at ein må venta over 15. min lenger, enn om hjelpa kom frå Brannstasjonen i Uskedalen. Brannstasjonen i Uskedalen er ein svært viktig støttestasjon både for Husnes og Rosendal.

Politisk vedtak og politisk skinnmanøver
I kommunestyrevedtaket frå 2020 vart det vedteke at Uskedalen skulle vera ein del av den framtidige brannstrukturen i kommunen. Det har bygda gått å venta på no i 5 år. Både vi og mannskapa føler oss haldne for narr i alle desse åra. 
Så fattar PTM- utvalet og Formannskapet eit vedtak i siste veke, om at dei stemmer i mot at stasjonen i Uskedalen skal vidareførast, men at ein skal vurdera ei samanslåing av Rosendal og Uskedalen. Det skal og gjerast ei økonomisk vurdering av oppgradering av Uskedal brannstasjon. Dette er endå eit nytt vedtak om at ein skal halda bygda for narr. Alle i Uskedalen skjønar at dette er ein politisk «skinnmanøver» så ikkje politikarane sit med ansvaret for nedlegginga. 

Vi finn oss ikkje i at beredskapen i kommunen blir svekka. Våre liv og verdiar er lika viktige i morgon som i dag.

Vi må også minna om at regjeringa sitt mål er at vi skal ha eit desentralisert brann- og redningsvesen med god lokalkunnskap og kort responstid i heile landet. Det ser det ikkje ut til at Kvinnherad kommune har fått med seg.

Uskedal Utvikling  
Uskedal Bondelag 

Nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto