Uskedal Historielag spør om sponsorstøtte til utvandrarbok.
Uskedal Historielag skal i år gje ut ei bok om utvandringa frå Uskedalen til Amerika i perioden 1849 – 1966. Torkel Stensletten har gjort eit gigantisk arbeid gjennom meir enn 5 år, og alt arbeid er gjort på dugnad. I alt er det omtale av over 500 utvandrarar som har tilknytning til bygda vår, og også andre bygder i nærleiken. I boka blir det fortalt om korleis det gjekk med desse etter utvandringa, noko som speglar seg av i boktittelen «Med von om ei betre framtid».

Boka blir med skikkeleg innbinding (hard cover), og blir på i overkant av 300 sider i format 22 cm x 28 cm. Kostnadene med utforming og trykking er på ca. 220.000 kr. Det grafiske arbeidet blir gjort lokalt hos Salikat Design i Rosendal medan LOS Digital AS i Larvik står for trykkinga. Utsalgsprisen på boka blir 450,- kr.
Boksleppet blir i Helgheim laurdag 18. oktober, og de er sjølvsagt velkomne der. Vi har fått stønad frå Kvinnherad Sogelag, 20.000 kr, og Kvinnherad Kommune har løyvd 23.000 kr til boka. Vi hadde håpa på støtte frå Kvinnheradstiftinga, men fekk dessverre avslag. Derfor ønskjer vi sponsorstøtte i håp om å få prosjektet til å gå i balanse. De står fritt til å velja sum, men vi har sett ein minstesum på 2000 kr.
Sponsorane vil få namnet sitt i boka, og eit eksemplar av boka.
Viss de allereie har bestemt dåke for å hjelpa oss med kostnadene, kan de betala inn stønadssummen til 3207.37.52026 eller vippsnr. 76 38 03 og merka det «Utvandrarbok, korrekt firmanamn». For å få sponsornamnet i boka, må ha innbetalinga før boka går til trykking. Vi set derfor fristen til 23. juni. Om de treng anna bilag enn dette skrivet, kan de ta kontakt med Ståle Eik, kasserar i Uskedal Historielag, mobil: 975 02 565 eller epost:
uhl.kasse@gmail.com.
Vi håpar mange finn dette så verdfullt at de vil støtta prosjektet vårt. Du kan også som privatperosn vera med som sponsor.
Med venleg helsing
Uskedal Historielag
Styret og skriftstyre
Tekst: Thor Inge Døssland Foto: Framsida av boka Nett: Kristian Bringedal