
Naust med bøteloft sentralt i Uskedalen er lagt ut for sal.
No kan du kjøpa naust med bøteloft sentralt i Uskedalen. Naustet ligg i elvosen i eit vakkert kultur- og naturlandskap i overgangen elv og sjø. Plasseringa er attraktiv og det er gåavstand til butikkar, idrettsanlegg, aktivitetshus, friområde i Skårhaug og til andre sentrumsfunksjonar. Det er merka turstiar i fjellet og i nærområde. Ulvanoso er nasjonalt kjend med merka klatreruter. Naustet med ferdigattest godkjend i 1994 er det siste i ei naustrekkje på fire bygg. Endringar etter 1994 er ikkje omsøkt.
Naustet med eigen septiktank er tilkopla vatn frå Uskedal Vassverk. Bak naustet er det stor, asfaltert parkeringsplass. Parkeringsplassen har direkte adkomst til Fylkesveg 500.
Mot sjøen er det betongdekke som er delvis fliselagt. Det et et flott uteområde med mange bruksområde. Den tilhøyrande trekaien gir enkel tilgang til båtliv og fiske.
Naustet med bøteloft har eit bruksareale på 95 rutemeter. Tomta er på 280 rutemeter.
- På grunnflata finn du mellom anna naust med plass til båtar, slipp og verkstad.
- I andre høgda er det bøteloft med stove, bad og soverom. Det er montert varmepumpe.
Takst: 2 mill kroner. I tillegg kjem omkostningar.
Mer informasjon finn du på finn.no eller ved å ta direkte kontakt med seljar.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Tommy Stensletten