
To fritidseigendomar ligg ute for sal i Uskedalen.
To fritidseigendomar ligg ute for sal i Uskedalen, den eine på Flatholm og den andre på Steinsletto. Eigedomen på Holmen har visning alt måndag 26. mai. Uskedalsvegen 739 og 737 på Steinsletto har visning tysdag 3. juni. Det er Eiendomsmegler Norge v/ meglar Ørjan Stokka som står for begge sala. Innlegget under gjeld Uskedalsvegen 737 og 739, Steinsletto.
Eigendomen på Steinsletto ligg vakkert til med utsikt mot Storsund, Skorpo og Hardangerfjorden. Det er kort avstand til Uskedal sentrum der du mellom anna finn butikk, skule, barnehage kyrkja, idrettsanlegg, aktivitetshus, båthamn og andre sentrumsfunksjonar.
Uskedalen har merka turstiar til fjells og i nærområde. Ulvanoso er internasjonalt kjend som eit klatreeldorado. Det er kort veg til badestrand og friområde i Skårhaug. Uskedalen ligg sentralt til i Kvinnherad med om lag lik avstand til Rosendal og til Husnes.
Kort fortalt om eigendomen:
– Innhaldsrik eigendom med 2 stk fritidsboligar
– Den største fritidsboligen (737) er over tre plan
– Den mindre fritidsboligen (739) er over ett plan
– To ekstra tomter er med i kjøpet
– Samla tomtestorleik: 2123,3 m²
– Fine uteområde med mellom anna to terrassar og ein utepeis
Meir informasjon finn du på Eiendomsmegler Norge.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Med løyve og henta frå prospektet