Musikklaget spelar til allsongen på Tiaren på tysdag.

Det blir mykje “for første gang” når ein gjeng frå Uskedal Musikklag spelar til allsongen i Gamleskulen tysdag 27. mai frå kl.12 og om lag ein halv time utover. Det blir til og med ei urframføring. Olaf Agnar Gausvik sin usedvanleg vakre songtekst, “Septemberstilla”, blir framført som allsong til tonefølgje av korpset for aller første gong. Musikklaget fann at denne flotte songen, med tonen til “Mull of Kintyre” av Paul McCartney, måtte fram i lyset. Derfor fekk dei Per Olav Paulsen til å skriva eit korpsarrangement. Uskedal Historielag tok kostnaden med dette. Allsongarane på Kafè Tiaren blir med på urframføringa av dette førstkommande. Men det blir meir spennande, kjært og stemningsskapande på programmet.

Olaf Agnar Gausvik har skrive den vakre songteksten “Septemberstilla” som er på programmet under allsongen på Kafè Tiaren i Gamleskulen komande tysdag.

Klikkertar er eit bergensk rytmeinstrument som berre ei lita eksklusiv gruppe beherskar. Kjell Borge Olsen er ein av dei. Dei som var tilhøyrarar då musikklaget spela ved Spar nyleg, let seg begeistra av framføringa hans då. På Tiaren er “Tromme-Olsen” klar med eit nytt humørfylt nummer.
Når “Skomværvalsen” blir framført vil det vera med skikkeleg skipsklokkeklang frå ei unik, kongeleg skipsklokke som blir presentert av forsongaren Kristian Bringedal.

Utover dette vil kjekke songar frå musikklaget sitt songhefte “SONG OG MUSIKKGLEDE” bli framført. Både “La oss leve for hverandre”, Lilla vackra Anna”, “Rosa på Bal” og “Vigelandsvalsen” er blant dei som er på programmet før allsongøkta blir avslutta med “Bedre og bedre dag for dag”.
Musikklaget garanterer for topp stemning og håpar at mange tar turen for ei kjekk, stemningsfull og sosial songstund. Og som alltid syter Tiaren-damene for noko godt for magen.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto