Alt måndag i denne veka var fyrsteslåtten i gang. Det er minst ei veke tidlegare enn det som har vore vanleg dei siste åra. Nokre plassar er det lite på, men kvaliteten er god. På Kjærland har Hans Reidar Kjærland slege heile arealet. I morgon er det raking og balling. Med turke og lite vatn ventar han med slåtten på Leite. Den beste slåtten har dei der det er djup jord, t.d. på Myklebust.

Det vil alltid vera ei vurdering kva tid det er best å hausta i dette veret. Graset veks så lenge det er vatn i jorda. Det er viktig å hausta i gryande skyting. Etter graset har skote, går kvaliteten ned etter kort tid. Det har samanheng med at i dette veret skyt graset for å kvitta seg med blomen, dette for å halda på næringa.

Med god forturking vert det mykje for i ballen. Kvalitetn er god. Det er fyrsteslååten som er viktig. Det er her volumet er. Andre og tredjeslåtten har til vanleg ikkje det same volumet.

Hans Reidar Kjærland fortel også at det er turre beite. Sjølv om ein vatnar, kan det bli lite å beita på. Det er ikkje bra. Då må ein bruka av ballane som igjen gjer at ein har for lite for. Då er det å kjøpa ballar.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Hans Reidar Kjærland