Grasrotmidlane frå Norsk Tipping for perioden 1. januar til 30. april er tidelt. 10 lag i Uskedalen er registrert og godkjend for løyving. Uskedal Idrettslag toppar lista med ei tildeling på kr. 33 573,-. Neste på lista er Uskedal Skulemudikk med kr. 10 614,-. Kvar gong du tippar og har skrive inn kva lag du vil gje deler av overskotet til, vert du rekna som ein givar. Idrettslaget har tilsaman over 100 givarar.

Uskedal Idrettslag toppar lista for tildeling av Grasrotmidlar.

Her er lista i perioden januar – mai i priorietert rekkjefylgje ut frå tildeling:

  • Uskedal Idrettslag
  • Uskedal Skulemusikk
  • Uskedal Ungdomslag
  • Røysterett for Alle
  • Uskedal Helselag
  • Festidalen
  • Uskedal Utvikling
  • Uskedal Friluftslag
  • Uskedal Musikklag
  • Forsamlingshuset Vonheim
Uskedal Friluftslag ligg langt nede på lista, men kan liekvel ta mot kr. 1 303,- i Grasrotmidlar frå Norsk Tipping.
Tekst/nett: Kristian Bringedal 
Foto: Arkivfoto