
Inspeksjon og måling av takventilen på Helgheim.
Med lift vart i dag gjort ein inspeksjon av den særprega takhatten på Helgheim. Det vesle huset, som fungerer som ventil med mekanisk opning og lukking, er frå 1934 då huset vart reist. Ventilhuset er intakt, men det tengst måling.

Rune Volden var på plassen i dag med lift og gjekk over taket, møneremser og andre punkt som ligg høgd. Nokre utsette plassar skal skrapast og målast. Rune Volden kjenner huset godt. Den siste større jobben, han var med på, var isolering og ny borkledning.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal