
Fire Rustne Menn med Syng med oss på Rosendalstunet i morgon, tysdag kl. 16.30.
Det har som vanleg vore ein travel vår for Fire Rustne Menn med mellom anna speling på Syng med oss på Halsnøytunet og Optimisten på Halsnøytunet. Dette er i tillegg til speling på Kafe Tiaren. I morgon står Rosendalstunet for tur. Gruppa legg opp til eit vårleg program, med låtar som Vårvise i naustet, Kjærlighetsvise, Kommer nå, Kom sommarvijnn og Lys og varme.
Med Hans Gertz på munnspel vert det All of me, When you`re smiling og Crazy. I ei alvorleg og uroleg tid tek Fire Rustne Menn med Ein song om fridom og Min tanke er fri. I tillegg kjem Elvis sin låt Love me tender og nokre andre poplåtar.
Syng med oss på Rosendalstunet er ope for alle. Det er alltid like gildt å sjå og møta sambygdingar på desse arrangementa.
Desse er med i Fire Rustne Menn.
- Tor Bjelland: Bass
- Hans Gertz: Munnspel
- Svein Rimestad: Rytmegitar/vokal
- Kristian Bringedal: trekkspel/vokal
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto