Vi set stor pris på Friluftslaget for flott samarbeid og godt gjennomført opplegg på Stemneplassen. Vi ynskjer og å gje ei stor takk til forsongaren, Uskedal Musikklag, Uskedal skulemusikk og Røysterett for Alle for alle musikalske innslag. og ikkje minst ei stor takk til skytebasen Andreas Haavik for tidenes salutt !


Leike komiteen har gjort ein kjempe innsats og fått inn masse sponsorar slik at vi kunne dela ut ein haug med flotte premiar på leikane i år. 
Det var nokon sponsorar vi ikkje fekk med på programmet då det gjekk i trykken før dei kom med på lista. Det gjeld Sport1, H2 elektro og Tilbords.

Ellers ynskjer vi å nok ein gong takkka alle dei kjekke sponsorane og samarbeidspartnare våre for i år: Spar Uskedalen, Festidalen, Europris, Rosendal bokhandel, Byggern Teigen, Byggeriet Uskedalen, Bunnpris Seimsfoss, Norli, Kiwi, Rein Hudpleie, Tveit Rekneskap, Kvinnherad Elektro, Bondekonpaniet , Sport1, H2 Elektro, Tilbords, Uskedal skulemusikk, Uskedal friluftslag og Uskedal Musikklag

Helsing 17. mai komiteen

Tekst: 17. mai komiteen
Fotp/nett: Kristian Bringedal