Arne Torget framførte sin fyrste 17. mai tale i Herøysundet. Då var han 24 år. Seinare har det vorte mange talar og monologar. Han opna talen sin med nokre ord om syster si, som døydde nyleg. Arne Torget har gode minne frå Uskedalen. Det var på Heio han hoppa 2,10 i stav og kasta kula 12,64. I Aktivitetshuset har han vore med på innadørsstemne.

Mykje folk ville høyra Arne Torget og Uskedal Musikklag.

Han var innom det som bør vera med i ein tale for dagen, Grunnlova og Eidsvoll før han kom til det å vera trygg med gode relasjonar i ei elles uroleg tid. Det er ungdomen som formar framtida. Ver stolt og sjølvmedviten og ta ansvar.

Uskedalen er ei stolt bygd med mellom anna Festidalen som samlar alle i Kvinnherad om ei god sak. Uskedalen er ei levande bygd med mykje frivillighet, mange lag, skule og nærbutikk. Uskedelingane er løysingsorienterte, flinke og vil det beste i lokalsamfunnet. Reis ut, men kom heim att og ver med på det å forma samfunnet, sa Torget.

Uskedal Musikklag var i aksjon både ved Bautasteinen og i Hallen.

Tru på det beste i livet, ver stolt og gjer gode val.

Arne Torget avslutta talen sin med å lesa sjølvskrive dikt: Lag deg ein åker. Dyrk poteter og ver med på å auka sjølvberginga og beredskapen.

Meir frå 17. mai kjem i eigne innlegg.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal