
Røysterett for Alle saman med koristar frå Husnes Blandakor på sin årlege 17. mai turne.
Røysterett for Alle saman med songarar frå Husnes Blandakor legg opp til ein travel nasjonaldag. Det heile startar på Husnes før neste stopp er gudstenesta i Uskedalen kl. 11.15. Herøysundet er ikkje inne på turneplanen i år. Det må vera fyrste gongen sidan Røysterett for Alle vart skipa i 1988 at det ikkje vert korsong ved Bringedalsbygda skule på 17. mai. Årsaka skal vera at spørsmålet kom for seint. Dagen var fullpakka.
Turneplanen ser slik ut:
- Husnes – kyrkja
- Uskedalen – Uskedal kyrkje
- Matre
- Baugstranda
- Åkra
På repetoaret finn vi mellom anna desse innslaga: Heimsbilete, Blå salme, Vårsøg og Norge mitt Norge.
Musikalsk leiar er Maria Malmsten
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto 2024