Det er meldt inn tips til uskedalen.no om at det er gjort opptak til 71° nord i Uskedalen i dag. Eit crew dukka opp på Holmen for klargjering av overfart til Skorpo på subbrett. Så langt vi kjenner til er årets opptak berre for kjendisar. Kjendisversjonen har før vorte kalla “71 grader nord – Norges tøffaste kendis”.

Programmet er ein norsk realityserie som har gått på TVNorge sidan 1999. I denne serien skal ei gruppe deltakarar ta seg frå Lindesnes til Norkapp. Turen er inndelt i fasar der ein av deltakarane vert sendt heim i kvar episode. Vinnaren får ein personbil.

71 grader Nord har vore i Uskedalen ved fleire høve, mellom med opptak frå klatring i Ulvanoso og med overnatting på toppen.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto frå tidlegare innspleingar i Uskedalen