
17. mai-førebuingar og aktivitetsdag ved Vaksenopplæringa.
Denne veka har den føreståande 17. maifeiringa vore sentral i undervisninga på Vaksenopplæringa. Elevane som for tida kjem frå ca. 20 nasjonar, har sunge nasjonalsongar, og dei har lært om bakgrunnen for nasjonaldagsfeiringa vår. Dei har lært om ulike tradisjonar i samband med feiringa, mellom anna når det gjeld mattradisjonar, flaggbruk, bunader og elles skikkar knytta til nasjonaldagen. Nokre har også delteke i dugnader i sine bygder for å gjera det fint og pynta til dagen.



I dag, onsdag, blei to undervisningstimar brukt til ulike aktivitetar og leikar som ofte er på 17.maiprogrammet. Dette har blitt ein populær tradisjon for elevane ved Vaksenopplæringa. Det var konkurransar både i spikarslag, støvelkast og vannballongkast, og nokre viste kunster i styltegåing. Tippekonkurrasnsar høyrer med, og det var tippa i kor mange drops det var i glaset, kor tung steinen var og kor langt eit tau var. Smilet og humøret var på topp, og det verka som om alle aktivitetane var like populære blant den ivrige og positive gjengen.



Ein litt sur vind sette slett ikkje nokon dempar på stemninga! Både kaffi og is blei sett stor pris på. Det var og premiering innan dei ulike aktivitetane. Premiane var 17.maieffektar som flagg og sløyfer noko som blei sett svært stor pris på.
Aktivitetane blei ramma inn med allsong av “Ja, vi elsker” i starten og med eit rungande 3 gonger 3 hipp hurra heilt til slutt på ei særdeles flott stund.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland.