
Korpsmusikk og klikkertspel skapte stemning ved SPAR i dag.
Loddsal og korpsmusikk samlar folk. Det skal ofte ikkje meir til for å skapa stemning i sentrum på ein laurdag i beste handletida. Uskedal musikklag er trufaste i tenesta. Dei har gjort det mange gonger før. Veteranbandet stiller opp med ein folkekjært repetoar. Nytt i dag var soloframføring av Kjell Borge Olsen på klikkertar. Borge Olsen er til vanleg trommis. Med rytme i kroppen brukar han klikkertar, to trepinnar som han slår rytme med.

Vi har alle høyrt ordet å klikka, ikkje minst klikk-klakk. Det er eit lydord. Uttale av ordet minner oss om lyden som eit knepp, ein smell eller ein liten svak lyd, til dømes i dørlåsen.
Kjell Borge Olsen har brukt klikkertar sidan han var liten gut på Laksevåg i Bergen. Han har alltid klikertane med i lomma og tek dei fram når det trengst eit uventa innslag for å skapa merksemd og glede i flokken.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal