Uskedal Friluftsslag saman med Uskedal Historielag kan sjå tilbake på frigjeringsdagen 8. mai med gode tankar og gode tilbakemeldingar. 80 år sidan freden i 1945 starta med flaggheising kl. 08.00, vidare med 40 elevar og tilsette frå Uskedal skule og til slutt ei verdig minnemarkering på Stemneplassen med mellom anna føredrag av den lokale Lars Børge Sæberg.





Lars Børge Sæberg, som har samla og dokumentert krigssoga i Kvinnherad, har skrive hefte Hardangerfjord forsvarsavsnitt og kampane i Kvinnherad aprildagane 1940. Sæberg er ein god formidlar, trygg og overtydande i det han legg fram.

Lars Børge Sæberg hadde ein liten time føredrag om kampane i Herøysundet og Uskedal april 1940.

Frammøte var meir enn forventa. Heile 35 personar fekk plass i møterommet på Stemneplassen. Åse Neset og Jofrid Eik sytte for kaffi til alle. Med spørsmål og innlegg i salen vart det ei triveleg og lærerik stund.

Kristian Bringedal las namna på alle som vart mobiliserte aprildagane 1940. I tillegg kjem to damer som vart dekorerte alt i 1946 for innsatsen deira innan sambandet på telegrafstasjonen. Fire namn, av dei som fekk Minnemedaljen i 2015, vart også lesne.

Knapt ein stol var ledig då Friluftslaget inviterte til historisk føredrag på Stemneplassen.

MInnemarkeringa om eit år bør ta med namna på dei i illigal teneste, også dei som har vore med i FN sine fredsstyrkar i åra etter 1945.

Dagen vart avslutta med forteljinga om eleven frå Uskedal skule som minna oss om at oldefar hans var krigsseglar. Namnet hans er Per Korsvold. Han segla med DS RINDA, vart torpedert og omkom. 7. juni 2005 vart det avduka ei minneplate på bautaen ved Kvinnherad kyrkje med namnet hans på.

Pins frå Minnemarkeringa i 1995, den største i sitt slag i Kvinnherad med utstilling, seminar, avduking av minnesteinar og festprogram. Merk deg at fridomsdagen her er 7. mai, ikkje 8. mai.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland/ Kristian Bringedal