Det er 80 år sidan fredsåret 1945. Uskedal Friluftslag saman med Uskedal Historielag skipar til minnemarkering på Frigjerings- og veterandagen 8. mai med ulike aktivitetar. Les programmet for dagen her:

Krigsminnesmerke vart reist 1995, 50 år sidan freden i 1945.

Kl. 08.00: Flaggheising

kl. 10.00: Klassar frå Uskedal skule kjem til Stemneplassen

  • Informasjon om Krigsminnesmerke – reist i 1995
  • Om kampane i Uskedalen og Herøysundet aprildagane 1940
  • Tidsvitne Bjørgulv Eik fortel om det han minnest frå denne hendinga

kl. 17.00: Minnemarkering v/ bautaen

  • Uskedal Musikklag
  • Les namna på dei frå Uskedalen som vart mobiliserte og som elles var med og er dekorerte ( Sjøfolka vart lesne på minnemarkeringa 2024 )

Kl. 17.30: Hardanger Sjøforsvarsavsnitt og kampane i Kvinnherad 18. – 20. april 1940 v/ Lars Børge Sæberg

Alle er velkomne til minnemarkeringa.

Hugs: Heis flagg.

Tekst/foto: Uskedal Friluftslag / Uskedal Historielag
Nett: Kristian Bringedal