
Historielaget: Ny bildekveld 26. mai.
Uskedal Historielag hadde ein bildekveld i april der nokre av dei innsamla bilda blei vist på storskjermen på Stemneplassen. Tema var då gardsarbeid i eldre tider, Uskedalsdagane og livet på gardane på Fjellandsbøle. Visningane førde til både historier og annan god mimring. Frammøte var godt, og tilbakemeldingane frå dei frammøtte var gode. Dette ønskte dei meir av! Eldre bilde er kjekt.
No inviterer historielaget til ny bildekveld. Det blir mandag 26. mai kl.19 på Stemneplassen. Bilda denne gongen er fjellbilde frå livet rundt Mannsvatnet då det ikkje var plass til alle i boka. I tillegg blir det vist mange kjekke bilde frå då vi hadde speidarar i bygda på 60 – og først på 70-talet. Mange hugsar sikkert og med glede tilbake til dei fantastiske jonsokarrangementa med tog og brudepar som var i bygda. 26. mai kan vi mimra om dette og når vi ser kjekke bilde.

Uskedal Historielag oppfordrar alle til å leita fram eldre bilde og ta kontakt slik at laget kan få låna dei til skanning. Laget er interresert i mest alle mogelege tema. Viss nokon har bilde frå livet i Mannsvatn-området, speidaren eller jonsokarrangementa med jonsokbrudepar, er det kjekt om vi får låna dei før bildekvelden slik at dei kan visast då.

Historielaget håpar på godt frammøte denne gongen og!
Tekst: Uskedal Historielag
Fotoeigarar: Inger Lise Eidsvik/ Pål og Astrid Haugland/ Ståle Eik
Nett: Thor Inge Døssland