Her kjem fleire bilete frå gåveutdelinga i Kvinnheradstiftinga måndag i denne veka. Med bakgrunn i søknader vart det tildelt gåver til sju tiltak i Uskedalen. I tillegg kjem løyving til nytt og felles tidtakarutstyr, som skal brukast av tre idrettslag. Sjå bilete på topp.

Ny tuba til Uskedal skulemusikk med gåve frå Kvinnheradstiftinga.

På markeringa vart det også informert om den store plasdugnaden, eit tiltak Kvinnheradstiftinga gjer i samarbeid med Handelens Miljøfond. 18 prosjekt/organisasjonar med tilsaman 340 ryddarar er aktive. Av ei ramme på kr. 196 000,- er det søkt midlar for kr. 168 000,-. Rest på kr. 27 500,- står til disposisjon for nye søkjarar.

Vonheim fekk midlar til ny ytterdør og to nye vindaugo.
Uskedal Friluftslag fekk gåve til lys på den nye parkeringsplassen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Kristian Bringedal/ Thor Inge Døssland