Kvinnheradstiftinga si gåvetildeling for vårhalvåret gjekk av stabelen i går ettermiddag i Kulturhuset Husnes. Nær på 7 mill. kr vart fordelte på 84 gåver. 90 % av løyvingssummen går til Kvinnherad. 10 % går til prosjekt i Odda og på Stord. Søknader med gåve inntil kr. 30 000,- er stort sett gjort kjend før. Løyvingar utover det vart kunngjort på samlinga i går.

Uskedal Idrettslag med to gåver.

Gåver til prosjekt i Uskedalen:

  • Uskedal Ungdomslag: kr. 30 000,- til oppgradering av lagshytta Fjelly
  • Uskedal Musikklag: kr. 12 000,- til supplering av nødvendig utstyr og rekvisita
  • Vonheim: kr. 30 000,- til ny ytterdør og to nye vindaugo
  • Uskedal skulemusikk: kr. 120 000,- til ny tuba
  • Uskedal Idrettslag: kr. 99 000,- til sykkelsti
  • Uskedal Friluftslag: kr. 54 500,- til lys på parkeringsplass
  • Uskedal Idrettslag: kr. 280 000,- til Meir aktivitet – mindre skjerm
Thor Inge Døssland og Knut Steinsletten frå Uskedal musikklag tok mot gåve.

I tillegg er Uskedal idrettslag med på tildeling til Felles tidtakarsystem, saman med Omvikdalen IL. og Rosendal Turnlag.

Bilete av dei andre gåvemottakarane kjem i nytt innlegg.

Hans Ordin Østebø og Anita Enæs representerte Uskedal Ungdomslag – lagshytta Fjelly.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal