
Dugnadsgruppa hadde ein god arbeidsdag i går.
Dugnadsgruppa samlast kvar torsdag til viktige arbeidsoppgåver i bygda. Nytt slåk på kverna på Rød er eit stort og omfattande oppdrag. Det gamle slåket er rive og nytt slåk kjem på plass og er alt godt synleg. Materialane kjem frå felling av lerk ved Haugland skulemuseum. Etter skjering på sag i Omvikedalen, har plankane lege til turk på Rød.

Seks menn var på Rød og jobba med slåket. Tre menn var på kløyving og lagring av ved i regi av Friluftslaget. Utsiktsryddinga på Skårhaug resulterte i 60 sekker ved. Veden ligg til turk og vert lagra på Kjærland, hos Nelly og Jon Harald.

Tekst/nett: Kistian Bringedal Foto: Audun Eik/Kristian Bringedal