Delegat til landsmøte i MOTVIND Norge.
Møyfrid Kristoffersen frå Uskedalen er delegat til landsmøte i MOTVIND Norge. Landsmøte skal vera på Gardermoen no i helga. Møyfrid er utsending frå Motvind Vest ( Vestland fylke ). Annemor Ekeland frå Valen møter også. Ho møter som medlem i valnemnda.

MOTVIND Norge er ein landsdekkande organisasjon som kjempar mot vindkraftutbygging. Målet er å stoppa utbygging av vinkraft i Noreg. MOTVIND Norge har over 23 000 medlemer og berre på ei veka auka medlemstalet med 1000 nye medlemer.
I ein infofaldar les vi at MOTVIND Norge er ei folkerørsle som stoppar vindindustrien og tek naturen tilbake til folket. Organisasjonen informerer, påverkar, aksjonerer, er høyringspart , klagar og fører sak mot utbyggjarane.
Møyfrid Kristoffersen ser fram til å møta på landsmøte. Det er mange saksdokument å lesa for å vera godt førebudd til sjølve forhandlingane.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Privat