Gledeleg hending på tampen av påsken🐣
I morgon Tysdag 22.4 vært det oppstart av ungdomsklubb i Helgheim🥳
Dette gjeld aldersgruppa 5-7 trinn i Uskedalen, kl 19.30-20.30.

Tanken er då at ungdomane sjølv skal få utveksla litt idear og tankar om kva aktivitetar dei ynskjer å ha! Spelerommet i 2.etasje er rydda klart til å ta i mot ungdomane.

Dei skal sjølv få setta sitt preg på rommet etterkvart😉 Kanskje det etterkvart vil dukka opp litt kjekke arrangement som heile bygda kan ta turen på🤫

Oppdatering med bileter og meir informasjon kjem etterkvart!

Tekst: Madeleine Røyrvik Kaldestad
Foto: Ungdomslaget
Nett: Hans Ordin Østebø