
Det hastar om ein skal halda tidsfristar for oppstart Eikeelva Kraftverk.
Det hastar om ein skal halda seg til tidsfristen for anleggsstart for Eikeelva kaftverk. HYWER ved prosjektutviklar Nina Hjartholm søkjer om dispensasjon frå kommuneplanens arealplan med bakgrunn i evt. konfilkt med føresegnene for sikringssone for drikkevasskjelde. Slik søkjar ser det, er det ikkje konflikt i høve til andre føresegner, som til dømes støy, faresone høgspent og ras. Tiltaket er som sagt i konflikt med arealføremåla drikkevasskjelde og treng difor dispensasjon.

Eikeelva er ein del av Uskedal vassverk sitt forsyningsområde. Kvinnherad kommune har difor sendt dispensasjonssøknaden over til Vassverket for uttale. Av andre viktige punkt i utgreiinga, tek vi med:
- Prosjektet er grundig skildra i detaljplan for landskap og miljø
- Andre tema i høve til landbruk, natur og friluftsliv er vurdert og utgreidd i detaljplanen
- Grunneigarane og naboane er informert
- Det er dialog med Vestland fylkeskommune for å avklara tilhøve til kulturminne
- Det er sendt inn søknad om det som vert kalla anleggskonsesjon.
Sidan det hastar med dispensasjon frå arealføremål sikringssone drikkevasskjelde, bed HYWER om at søknaden vert lagt fram for Forvaltningsutvalet alt 30. april. Om ikkje vert det sak i neste møte som er 11. juni. Det kan vera forseint.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto