Song og trekkspelmusikk kl.12.

Loddseljarane til Uskedal Friluftslag er på plass utanfor Spar Uskedalen frå kl.11 på påskeaftan og sel lodd i vedlotteriet til inntekt til drift av Stemneplassen. Gevinstane er 15, 10 og 5 sekker med god og varmande ved som er felt på Stemneplass-området.
Historielaget vil også vera på plass og selja dei populære bøkene i Uskedalsserien “Den nære fortida”.
Klokka 12 ligg det an til både song og trekkspelmusikk. Då er Kristian Bringedal på plass om alt går som planlagt.
Velkomne til ei koseleg stund med både loddsalg, boksalg, song, trekkspelmusikk og god drøs og stemning. Mange har nok kjøpt både bøker og lodd før, men det er likevel veldig kjekt om de stikk innom for ein god prat.
God påske alle saman!

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Kristian Bringedal