
No er dei populære Uskedalsbøkene å få kjøpt på Rabben Feriesenter og.
Spar Uskedalen har og bøkene.
Når høgsesongen på Rabben Feriesenter startar i samband med påska, har dei også bøkene i den populære Uskedalsserien “Den nære fortida” i salg. Dei kan kjøpast i resepsjonen av Iselin (bildet over) og resten av vertane. Også campinggjestene vil finna mykje interessant stoff i bøkene. I den siste boka er det ein artikkel om historia til Rabben Feriesenter. På bildet viser Iselin to av desse sidene. Mange har eit forhold til butikken på San`n. Den lange og interessanne historia til det som no heiter Spar Uskedalen, fyller ein del sider i bind 2 av bokserien. Elles er det mykje kjekt og lettlese stoff som bør falla i smak hos tilreisande. Mange rosar også det rike bildeutvalget.

Bøkene kostar 300 kroner pr. stk., men historielaget har også eit pakketilbod der alle tre bøkene er å få kjøpt for 600 samla. Skal ein nå i dette tilbodet, må ein imidlertid vera rask. Bok 1 er mest utseld. Rabben fekk 2 bøker av den tidleg i veka, medan SPAR var tome i går. Då måtte historielaget rundt til skriftstyremedlemmer, og dei fann 3 bøker som blei levert til butikken. Det høyrer med til historia av historielaget også har frigjort nokre bøker, som var tenkt til arkivering, til salg. Av bok 2 og bok 3 er det framleis godt med bøker til salgs. Bøkene har eit opplag på 600.
Bøkene betalast helst med vipps direkte til Uskedal Historielag (76 38 03), men viss nokon ikkje har vipps, vil betjeninga vera behjelpelege med å ordna det.
Bok 2 og bok 3 kan også kjøpast ved å venda seg til Uskedal Historielag (epost: uhl.skrivar@gmail.com og mobil: 932 88 237).
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland