Kva er det som skjer og kva er den lyden? På skulen vert pennar til trommestikker, og projektorar til scenelys. På gamleheimen veivar krykker som gitarar og mikrofonar, og alt under kjortelen dinglar ublygt. På kjøkkenet står svigermor og svingar med svansen. Og kven er det som stel blikka til dama mi? Fashion Victims kjem til Festidalen. Og gjer ikkje skilnad på kid, kall eller ku. Alle skal med på festen. Og alle blir bedt opp til dans. For desse unggutane ignorerer ingen og elskar med alle. Powerpop står på plakaten, og jentene sklir ut i spagaten.

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal