I går var det opplasting av THK trailaren i tre bygder. I tilegg vart henta brannsløøkingsutstyr på Selstad, Petrol og Eidsvik. Tormod Myklebust fortel at det også vart lasta mykje som har vore mellomlagra på Hellesøy. Denne sendinga er ei av ei største THK har hatt frå Kvinnherad.

Petrol er ein av fleire som støttar og donerer utstyr for hjelpesending til Ukraina.

Trailaren køyrer frå Haugesund onsdag. Turen går via Karlskrona, Gedynja til grensa Polen/Ukraina, der det vert omlasting og vidare transport til Korosten.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Tormod Myklebust