Ta påskegjestene med deg og kom på Kafe Tiaren i morgon, tysdag 15. april, kl. 11 - 14.
Kafe Tiaren tek ikkje påskefri, heller ikkje i den stille veka. Alle er velkomne til Tiaren i morgon, tysdag 15. april, frå kl. 11 til kl. 14. Ei særleg velkomsthelsing til alle tilreisande, – i hytter, hus og båt. Mange av fastbuande har påskegjester. Ei oppmoding går til alle om å ta med gjestene på kafe. God og rimeleg mat. Ei gild stund der du møter slekta og andre gode vener.
kb