Sist laurdag inviterte Uskedal Utvikling til ryddedugnad i sentrum, langs vegen og ved busskura. Alle vart oppmoda om å ta seg ein tur og plukka bos. Hanskar og evt. anna utstyr vart utlevert ved Gamleskulen. Mellom anna stod dette på lista:

Vidar Haugland i arbeid med spyling og vasking kring Gamleskulen.
  • Planta i pottene langs vegen
  • Montera vimplane
  • Spyla og vaska kring Gamleskulen
  • Generell bosplukking

Helge Naterstad var i går på plass og reiska og rydda det kommunale blomebeddet ved busslomma.

Uskedal Friluftslag legg som vanleg opp til ryddedugnad på Stemneplassen i forkant av 8. mai og 17. mai. Endeleg dato vert bestemt på styremøte komande måndag.

Elles høyrer vi om rydding av bos langs fylkesvegen frå Haugland til Musland. Burettslaga har til vanleg faste ryddedugnader kvar vår, det same har Båtlaget. Uskedal skule har fast rydding heile året.

Ungdomslaget har rydda, målt og vaska rundt Helgheim dei siste to vekene. Karin og Kjell Tungesvik med fleire har vore pådrivarane.

MESTA har sopt vegen og gang/sykkelvegen frå Steinsletto til Rød.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland/ Ginn Mari Moberg