Det vart ein fantastisk konsert der målet var å løfta fram og bli meir kjend med unge talent frå Uskedalen, alle elevar i Kulturskulen. Pianstane hadde læraren sin, Yuko Shuto, med. Ho hadde hadde også tonefylgje til Anna og Ebba Hermann Fossli på kornett. På klaveret fekk vi møta Vilde Helgesen, Anna Hermann Fossli og Martine Myklebust. Konserten vart avslutta med mellom anna Bryllupsdag på Troldhaugen, meisterleg framført av Yuko Shutu.

F.v: Anna Hermann-Fossli, Martine Myklebust, Ebba Hermann-Fossli og Vilde Helgesen.

Yuko Shuto frå Japan vaks opp med tonar av Edvard Grieg. Kvar dag i barnehagen og på skulen starta med Morgenstemning, spela over høgtalaranlegget. Seinare på musikkstudiet sitt vart ho tilrådd å reisa til Noreg for vidare utdanning. Det var eit vakkert land med snille menneske. Dessutan var utdanninga god med høg kvalitet. Ho kom til Kvinnherad i 2017 og har seinare vore her som lærar i Kvinnherad kulturskule. Thor Inge Døssland var norsklæraren hennar på vaksenopplæringa.

Yuko Shuto framfører Bryllupsdag på Troldhaugen av Edvard Grieg.




Det vart på alle måtar ein triveleg ettermiddag i Helgheim. God korpsmusikk og gode solistar på messing og piano. Det var heller ikkje noko å sei på baksten, kanelbollar levert av Bakar Bruun i Bergen og gode heimelaga kaker. Servering og kjøkken: Åse Neset, Jofrid Eik og Ingunn Olsen – takk til dei også. Åresalet gjekk strykande. Gevinstane var mellom anna gåve frå musikarane og frå nokre i næringslivet. Inntekta går til vidare drift og utvikling i Uskedal Musikklag.

Bassisten i korpset og primus motor, Thor Inge Døssland, hadde ideen til denne mønstringa. Sjølv var han programleiar og hadde full kontroll på regien.

Godt frammøte og endå betre åresal.

Vel blåst til Veteranbandet. Ei innhaldsrik og variert musikalsk helg i Uskedalen er over. Det starta med Bjarte Leithaug i kyrkja og vart avslutta med Musikklaget sin nyskapande konsert i Helgheim.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Arrangør: Uskedal Musikklag.