Bjarte Leithaug har i meir enn 40 år reist landet rundt med song og musikkglede. Det heile starta i 1982. Til vanleg er han lærar på Knarvik ungdomsskule, fram til han går av med pensjon om eit halvt år. Han har skrive meir enn 100 songar og sett tone til mange av dei. Leithaug er av ein musikalsk slekt. Far hans, Peder, var lærar på Frekhaug folkehøgskule og etterkomarane etter Peder og Helga er alle musikalske. Syster hans er Solveig Leithaug. Han er onkel til den internasjonalt kjende artisten Gabrielle.

Bjarte Leithaug saman med Rosendal Tweens og Singing Tweens. På piano: Rebekka Attramadal.

Bjarte Leithaug ved mange høve vore i Uskedalen, også i Kvinnherad kyrkje. I dag song han saman med koristar frå Rosendal Tweens, Rosendal Barenekor, Singing Tweens og andre påmelde frå andre bygder. Ein stor stab med Nelly Kjærland, Solfrid Hellesøy Siqveland og Rebekka Attramadal i spissen gjorde sitt til at konserten samla full kyrkje og var vellukka på alle måtar.

Ei fullsett kyrkje i Uskedalen i dag.

Konserten inneheld 14 songar framført i kor saman med Leithaug. Til opning song kora nokre sjølvvalde songar. Rebrekka Attramadal kompa på klaver. Bjarte Leithaug framførte ein eigen avdeling med mellom anna eit innslag i samspel med Rebekka på orgel.

Nelly Kjærland nytta høve til å takka for god økonomisk støtte frå Kvinnheradstiftinga. Ho takka også mange andre for godt samarbeid og hjelp.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal