
Hordablæsten 2025
I helga deltok Rosendal skulekorps og Uskedal skulemusikk i Hordablæsten i Bergen. Dei imponerte med flotte tonar og endte på ein fin femteplass. Gratulerer!
For andre år på rad deltok dei to korpsa på Hordablæsten i Bergen. I år fant Hordablæsten stad i Åsane kulturhus der det var eit yrande liv heile søndagen. Samarbeidet mellom dei to korpsa er veldig bra, og musikalsk har dei gjort eit skikkeleg løft dei siste par åra. Av 12 påmeldte korps i 3.divisjon Brass, endte dei på ein flott 5.plass. Musikantar og dirigent, Nick Hughes, er svært nøgd med resultatet.
I tillegg til speling og konsertar, har musikantar og foreldre hatt det kjekt i lag i Bergen, med felles måltid og ulike aktivitetar. Vi kan utan tvil seie at samarbeidet mellom korpsa også har vært bra for det sosiale, og vi reiste heim frå Bergen med svært god stemning på bussen.
Tekst/nett/foto: Marianne Korsvold