Uskedal helselag ved Eli Roseth Eik var med på dialogmøte i går om Eldrefestival i Kvinnherad. Svein Rimestad og Kristian Bringedal representerte Kvinnherad Senioruniversitet. Arrangør er Kvinnherad kommune ved frivilligkoordinator Lene Vangberg Monsen. Eldrefestivalen er tenkt gjennomført alt i juni månad, tre halve dagar. Med på møte var mellom anna medlemer frå Røde Kors omsorg, helselaga i kommunen, Kvinnherad Turlag, Eldrerådet, sektorleiar og tilsette på Frivilligsentralen.

Festivalen skal vera ein sosial og inspirerande festival for å spreia glede for alle eldre i heile kommunen. Det vert synt til Fyllingsdalen som har prøvde dette før med vellukka resultat.

Frivilligkoordinator Lene Vangberg Monsen informer om plan og gjennomføring av ein Eldrefestival.

Målet med møte i går var å styrkja saamarbeidet mellom dei frivilliige, næringslivet og kommunen. Det vert lagt opp til program på institusjonane, men også ut i bygdene. Samhandling er viktig. Det praktiske med f.eks transport må på plass. Festivalen skal vera eit løft med konsertar og aktivitetar utover det ein alt i dag har med Syng med oss og andre tiltak.

Arrangøren vil laga og senda ut ein skisse som syner korleis festivalen kan gjennomførast i ein langstrakt kommune, slik det er i Kvinnherad.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Frivilligsentralen/ Kristian Bringedal