
God aktivitet i Uskedal Utvikling - Gunn Mari Moberg held fram som leiar.
På årsmøte i Uskedal utvikling i kveld vart det lagt fram årsmelding og rekneskap som syner stor aktivitet. Det gjeld styret sitt arbeid, men også mykje godt arbeid er gjort av Dugnadsgruppa, nettsida uskedalen.no og Kafe Tiaren. Gunn Mari Moberg held fram som leiar. Med seg i styret har ho: Remi Onarheim, Jannike Myklebust, Eva Reime Ljosnes og Steinar Kroka. ( Sjå bilete ). Varamedlemer: Berit H. Døssland og Egil Myhre.
Styret: Det har vore 8 styremøte. Årsmeldinga syner stor aktivitet med mange tiltak:
- Fellesmøte med alle lag i bygda – årshjul
- Påske egg jakt
- Sykkelrebus rundt dalen og over Skårhaug
- Kjellarkveldar
- Møte med folkevalde om brannstasjonssaka
- Møte med Uskedal Bondelag
- Kvelds- og lesestund med Mona Vetrhus
- Kino i Hallen
- Julegrantenning
- Ny bordkledning på Sørveggen
Kafe Tiaren: 24 frivillige med 3 personar på kvar gruppe. Tilbod heile året
Nettsida Uskedalen.no:
- Det vart publisert 793 innlegg i 2024 – det er ein liten nedgang frå året før
- Hans Ordin Østebø har hatt 3 kurskveldar med opplæring av nye pressekontaktar
- Nettsida har 21 sponsorar – om lag som før
- Kvar sponsor betaler kr. 3 500,- pr. år
Dugnadsgruppa: Stor aktivitet med tilsaman 13 tiltak på lista.
- Sjå innlegg på uskedalen.no 3. februar
Rekneskapet syner eit driftsresultat på – 9 561,-.
Kafe Tiaren går med overskot på litt i underkant av kr. 25 000,-. Drift av nettsida uskedalen.no syner ein pluss på kr. 19 000,-. Dei største kostnadene gjeld stort sett vedlikehald, arbeid med kjellaren, straum, vask, renovasjon, vatn og avløp, forsikring, ny varmepumpe, arbeid med turvegar osv.
Det vart også lagt fram Handlingsplan for 2025.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Audun Eik