Mykje vatn i natt har ført til eit mindre ras over vegen på øvre Feet. Det er merkbare skader i vegen opp til Tresshaugen. Musland Maskin er på veg for å utbetra skaden. Mykje vatn i bekker og sideelvar til Uskedalselva har ført til flaum nokre plassar. Vegen på Døsslandsido er mellombels stengd.

Store vassmengder gjer at det er mykje vatn i vegbanen fleire plassar på Fylkesvegen, Døsslandsido og mot Musland

Då uskedalen.no er på plassen møter vi Torgeir Feet. Han fortel at han var ute og laga sprettegøfter seint i går kveld. Flaumen frå ein bekk i utmarka på bruk 2, øvre Fet, har teke eige løp og er direkte årsaka til skaden. Det har skjedd ein gong før, men det var før bekken delvis vart lagt om. Bygging av ei hytte i område gjorde at ein la beggen i to løp ned mot fylkesvegen. Det er det sørleg løpet som har flaumt over.

Oppe i lia ovom skogsvegen ser du bekken som har ført til skadene.

BT hadde tidleg melding om skaden på øvre Fet, sameleis om mindre ras og vatn i vegbanen på Musland.

På Kvinnheringen kan du sjå ein filmsnutt frå vassmengda og skadene på Døsslandssido.

Dersom nokon har gode bilete frå veret i dag, send til uskedalen.no@gmail.com

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal