
Tømmerhogst på Eik.
På bruk 3 på Eik, i elvabrotet frå det gamle tunet opp mot Sørestølen, er grunneigar godt igang med tømmeruttak. Granfeltet frå 1950 talet eller tidleg på 60 talet og er såleis klar for hogst. Dei nye eigarane av bruket er Ida Kaldestad og Kenneth Stensletten.

Kenneth har skaffa seg maskinelt utstyr og gjer sjølv jobben med felling, kvisting, lagring og klargjering for utskiping over tømmerkaien på Børnes. Naboen Jan Vivelid hjelper til. Tømmerhogsten vert gjort etter avtale med At-skog.
Då uskedalen.no var på plassen i går, var det alt teke ut omlag 80 kubikk. Total mengde er rekna til rundt 200 kubikk.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Kristian Bringedal/ Gunnlaug Eik