Med bakgrunn i søknad til årsmøte gav Uskedal heslelag ei gåve til Frilufslaget pålydande kr. 5 000,-. I søknaden vart det lagt vekt på arbeidet som er gjort dei siste åra med tilrettelegging for friluftsliv med tanke på betra folkehelse. Turvegen over Skårhaug er mykje brukt av ulike brukargupper i alle aldrar. Nokre pensonistar legg turen over Skårhaug mest kvar dag. Eit anna folkehelsetiltak er Skårhaug Opp, motbakkløpet til toppen 49 moh. Gåva vert brukt til drift og vedlikehald av område.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Drone - Hans Ordin Østebø ( 2023 )