
Song- og musikkglede på kultdurprisutdelinga i Dalheim.
Uskedal musikklag fekk ei ærefull oppgåve då dei opna festen i Dalheim då Omvikdalen Bygdekvinnelag fekk Kvinnherad kommune sin kulturpris for 2024. Den formelle overleveringa var gjort før, men onsdag i denne veka var det medlemsfest med representasjon frå kommunen, politisk og administrativt.
Musikklaget baud på ein halvtimes program med tonar og tekstar henta frå hefte Song og musikkglede, alt bunde saman i ein lett kåsørtone. Alf Prøysen Solskinn og sang vart godt motteken, om gatesongaren som går rundt og spelar frå vår og til haust og som med gitar og song spreier musikkglede.
Ny på repetoaret er Vigelandsvalsen, kjenningsmelodien til Lindesnes Trekkspelklubb, arrangert av Per Olav Paulsen spesielt til Uskedal musikklag.
Det neste på spelelista til det populære veteranabandet er Syng med oss på Rosendalstunet, tysdag 25. februar, saman med Uskedal helselag.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal