Det var ekstra god stemning på musikkøvinga tirsdag då meldinga om at Uskedal Helselag har sendt nominasjon på Uskedal Musikklag til Folkehelseprisen for Vestland 2025 blei vidareformidla. Dette er ein pris som heng høgt, og å bli nominert til den set musikklagsmedlemmene svært stor pris på. Vi har eit særs godt og aktivt helselag i bygda som jobbar særs dedikert for folkehelsa. At dei vel å senda nominasjon på musikklaget, er korpset svært takksame for.

At korpset er aktive og alltid er så positive og stiller opp når dei blir spurt, gjer at dei spreier mykje glede til folk, det betyr mykje for mange. Og de speler så glad musikk, sa mellom anna helselagsleiar Elin Legland då ho formidla gladmeldinga til musikklagsstyret.
Ho understreka vidare verdien av at i tillegg til å spela, er korpset flinke til å aktivisera publikum. Ho nemnde då allsongen frå det nye speiallaga heftet som blir brukt på både sjukeheimar, bygdekafèar og i andre samanhengar.
– Det må jo vera eit nybrottsarbeid, og det er jo så viktig med aktivitet og deltaking, sa mellom anna helselagsleiaren.
Det nemnde heftet er eit flott hefte med 50 gode og kjekke allsongar som blei laga og teke i bruk hausten 2024. For at songane skal fungera best mogeleg, har korpset fått minst 30 av dei spesialarrangert til sin besetning og sitt bruk. Det er Bjørn Aakre i Trondheim og Per Olav Paulsen på Stord som har laga arrangementa. Til produksjon av heftet og kostnad med musikkarrangementa har laget fått støtte frå Kvinnheradstiftinga og Uskedal Helselag.
Sentral i dette opplegget er Kristian O. Bringedal som i tillegg til å vera forsongar, bind det heile saman på ein framifrå måte og mellom anna legg inn ulike artige stunt som aktiviserer tilhøyrarane. Før heftet blei laga, hadde opplegget blitt prøvd ut gjennom eit par år med sjølvkopierte “hefte”.

I tillegg har helselaget lagt vekt på fleire positive ting i nominasjonsskrivet. Ein ting som dei har nemnt, er julegrana som har vorte pynta i 62 år.
– At den flotte julegrana lyser opp i den mørkaste tida, trur eg betyr veldig mykje for veldig mange, sa også Elin Legland.

Uskedal Musikklag er det vi kan kalla eit lavkost-korps. Det er 100% dugnadsbasert. Dei har rimeleg leige på øvingslokale på Stemneplassen og ingen lønna dirigent. Knut Steinsletten leier øvingane, og Svein Aksel Sunde set opp øvingsplanar. Dette resulterer i særs effektive øvingar. Etter at korpset i mange år hadde vore ein kjerne på 10 medlemmer, har dei siste halvåret hatt ein gledeleg tilgang slik at det no er 16 medlemmer.
Korpset opptrer mykje med ca. 25 spelingar kvart av dei siste åra. I tillegg til at dei seier ja til alle forespørslar der det er mogeleg, har dei også nokre eigne arrangement. Desse er med gratis inngang. Det blir heller lagt inn ein åreomgang i programmet. Laget ønskjer å vera til glede for flest mogeleg.

I næraste framtid skal korpset ha to arrangement i Helgheim. Fastelavnssøndag 2. mars er blir det allsongkafe med krembollar, eit minikåseri og ein enkel quiz (for dei som vil). Då skal dei nemnde songhefta brukast.
6. april blir det “Musikkglede” med undertittel “Unge talent, veteranar og ei japansk solstråle” der svært flinke unge pianistar og blåsarar frå bygda er sentrale i programmet saman med pianolæraren deira, fantastiske og japanske Yuko Shuto. Det blir kjempestas!

Til slutt seier laget igjen tusen takk til Uskedal Helselag. Laget er nok i godt selskap med mange andre nominerte frå heile Vestland. Men aller viktigast er den lokale støtta som gjev oss tilbakemelding om at korpset og aktiviteten deira er til glede og betyr noko for mange i nærmiljøet.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto