Kristin Bringedal held fram som styreleiar i Uskedal Friluftslag. Med seg i styret har han: Audun Eik, Jofrid Eik, Åse Neset og Ove Magne Myhre. Varamedlemer: Steinar Kroka og Geir Eidsvik. Tormod Myklebust sa frå seg attval. Styret har hatt 11 faste styremøte i tillegg til årsmøte. Det har vore drøfta og gjort vedtak i 39 saker. Frå årsmeldinga skriv vi:

Frammøte frå medlemslaga burde vore betre. Berre fire av 10 medlemslag prioriterte å ha med utsendingar.
  • Prosjektet Vegsikring, P plass og asfaltering er langt på veg fullført. Det vantar veglys
  • Veglomme som sikrar ei betre utkøyring til kommunal veg
  • 8. mai markering med inviterte gjester og avduking av namneplate Torger Olsen Feet. Tilbod til klassane på Uskedal skule
  • Vedlotteri
  • Friluftskonsert
  • Dugnader med klargjering til 17. mai
  • Ny komfyr og ny datamskin til skrivar
  • Kiosksal på 17. mai og på Skårhaug Opp
  • Arkivet er teke i bruk. Møte med brukarane om tildelt plass
  • Lysmarsj og Nissekasse på Skårhaug
  • Markering: Opning av P plass

Neste no er veglys på parkeringsplassen og sikring av murkant ved naboen Siren Simonnes.

Dugnadsgruppa i arbeid med P plassen.

Friluftslaget takkar for god støtte i året som gjekk. Takk til Dugnadsgruppa for hjelp.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal