
Ny innsamling til Ukraina.
Enno ein gong køyrer THK- stiftelsen i Kvinnherad i gang vår innsamling til Ukraina. Argumenta og orda ein har brukt i årevis, når det gjeld saka, må ein berre ta opp att. Diverre har ikkje situasjonen endra seg, sidan sist, det må i tilfelle vera til det verre. Synd å sei det. Ukraina er framleis under angrep, og kjempar mot fienden. Dei vil ha sitt eige land, og kjempar for fridom. Krig er forferdeleg.

Mange hjelper Ukraina, også i Norge. THK –stiftelsen har halde det gåande i snart 30 år. Dei som tek i mot hjelpa vår, bed oss fortsetja å støtta dei. Det er fantastiske folk, som gjer fantastisk frivillig hjelp til sine landsmenn. Mange er avhengig av denne hjelpa.
Her kjem du og eg inn. Mange har gjort mykje i Kvinnherad. Enkeltpersonar og bedrifter. Heldigvis fører vi ikkje statistikk over kor mykje som er sendt frå bygdene her, men det er mykje. Det veit alle.
Vil du vera med, som enkelt person, eller bedriftsleiar, så kom igjen. Fram til Palmesøndags helga, laurdag 12. april held vi det gåande. Måndagen etter vert det lasta på bilen og køyrt mot Korosten.
Vi treng, økonomisk støtte, brukte bilar, straum aggregat, sveise utstyr, vinkelsliparar, arbeidsklede, klede og sko, madrassar, senger og sengklede, soveposar, kjøken utstyr, kjøken maskinar, syklar, rullestolar, verktøy i alle fasongar, jordfresar, hageverktøy, pluss alt det som ikkje er rekna opp her. Dei spør mykje etter hyggene- artiklar, bleier m.m.
Ta kontakt på telefon om levering. Seinare ut på våren vil lageret vera ope nokre laurdagar, dette kjem det annonse om.
Helsing THK-stiftelsen
Tekst: Pressemelding Foto: Arkivfoto Nett: Kristian Bringedal