I går kveld var det reprise på Søringen og Samen på TV 2. Filmskaparen Anders Kråkevik er godt nøgd med mottakinga av den ny sesongen. Han fortel til uskedalen.no at serien alt har kome på Topp 10 på TV 2 Play. Det er registrert stor trafikk på serien. Tilbakemeldingane så langt er svært gode, langt over det som var forventa.

Eikelandet Brygge, plassen der Anders Kråkevik bur.

Uskedalen har ein sentral plass i episode 1. Før innspelinga frå reisdyrjakta på Hardangervidda og henting på flyplassen i Haugesund har Kråkevik mobilkontakt med Mattis. Det er lagt ut dronebilete som syner Eikelandet Brygge med busetnaden på Eik i bakgrunnen. Likeins er det lagt ut flotte bilete frå båthamna, campingen og sentrum.

I episodane framover vil ein sjå meir frå fruktdyrking i Sørfjorden og ikkje minst frå turen til Mongolia.

Søringen har kontakt med Samen på mobil frå Eikeladet Brygge.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Skjermdump frå TV2