
Lihhku beivviin - Samedagen markert på Uskedal skule.
Samane sin nasjonaldag vert i dag markert med ulike aktivitetar på Uskedal skule. Flagget var på plass og elevane gjekk ein natur- og kultursti med oppgåver om samane. Skulen har etterkvart ein tradisjon med denne markeringa. Særleg aktuelt er det då skulen har to elevar med samisk bakgrunn.

Flagget med fargane raud, blå, grøn og gul er dei same vi finn att i samdrakta. Dei fire felta symboiliserer at samane bur i fire land, Noreg, Sverige, Finland og Russland. Sirkelen i midten er inspirert av den samiske runebomma, og viser også sol ( den raude ) og måne ( den blå ).
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal