
To Rustne Menn - "Stand in" for Trio Taffel på Hatlestrand.
Tysdag for ei veke sidan var To Rustne Menn på Hatlestrand, som erstatningsband for Trio Taffel. Tilskipar var Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy Pensjonistforening. Både Trio Taffel og Rustne Menn er inne i ein periode med redusert besetning. Trio Taffel har gitarist/vokal ute i sjukemelding. Det same har Rustne Menn som for tida er utan den viktig bassisten Tore Nordahl-Pedersen.
Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy har eit aktivt eldrelag med turar og program heile året. Møteplassen er gymsalen på Hatlestrand skule. Dei har på mange måtar valt å leggja seg på eit nivå som eit senioruniversitet og eit eldrelag. På kvart møte er det føredrag, kåseri, musikk og matøkt. Innimelllom er det lagt opp til dans. Laget har til vanleg eigne musikkrefter som står for allsongen.
Utan bass har Rustne Menn lagt litt om på repetoaret. Svein Rimestad og Kristian Bringedal må finna høvelege songar ut frå den situasjonen ein er i.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Rita Martens Meyer/Torgils Våge