Torsdag 13. februr kl. 18 – 20 vert det skipa til Temakafe på Kvinnherad bibliotek, Husnes. Tema er Ventesorg relatert til kreft og demens. Tilskipar er Kreftforeningen, Kvinnherad kommune i samarbeid med Diakoniutvalet i Kyrkja. Uskedal sokn har fast medlem i Diakoniutvalet.

Føredraghaldarar er Laila og Tarald Ueland. Dei har sjølve erfaring med ventesorg. Tema er aktuelt for pasientar, pårørande og helsepersonell. Tilbodet er gratis. Servering av kaffi og kake. Songinnslag.

Arrangementet er eit samarbeid mellom kreftkoordinator Marit Sjøvangen og diakoniutvalet i Kvinnherad. For meir informasjon, ta kontakt med

  • Marit Sjøvangen – mobil 948 46 123
  • Ingunn Koløy – mobil 476 22 519
Tekst/foto; Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal