Bjørn Moe skriv på norsk - slepp singelen Horisont 14. februar.
Bjørn Moe, frå Odda – bur i Uskedalen, er trommeslagar og vokalist. 14. februar er datoen for lansering av singelen Horisont. Nytt er det at han skriv på norsk. Han har vore trommis i snart 40 år. Dei siste åra har Bjørn markert seg som vokalist med eigne låtar. I 2023 kom debutalbumet Angel number seven. No er han klar med sin fyrste låt på norsk.
I ei pressemelding lovar han ein kombinasjon av afrikanske rytmar og norsk folkerock. Teksten vert framført på dialekt.
Det føreligg eit fint intervju med Bjørn Moe på Kulturpodcasten PIF. Den kan høyrast kor som helst og når som helst. Du finn den mellom anna på SPORIFY.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Tor Helge Øygarden