Kva skjer i Uskedalen i 2025 - Uskedal utvikling kallar inn til møte, onsdag 5. februar kl. 18 i Gamleskulen.
Uskedal utvikling held fram arbeidet styret starta i fjor med å få fram ein oversikt over alle aktivitetar og faste arrangement i kalenderåret. Lag og organisasjonar er inviterte til møte onsdag i komande veke, kl. 18 i Gamleskulen. Dersom ein ikkje kan møta fram fysisk, send og meld frå om kva som er planlagt og teke med i aktivitetskalenderen. Med bakgrunn i dette vert det laga eit årshjul. Invitasjonen er sendt til:
- Uskedal helselag
- Uskedal ungdomslag
- Uskedal idrettslag
- Uskedal skulemusikk
- Uskedal musikklag
- Uskeda friluftslag
- Uskedal historielag
- Røysterett for Alle
- Uskedal indremisjon – Uskedal bedehusforsamling
- Ukedal bondelag
- Uskedal sokneråd
- Forsamlingshuset Vonheim
- Uskedal aktivitetshus
Ein må også ta med Festidalen og Dønhaugkjedlaren og Låven.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto