Konsert med Sjøforsvarets musikkorps
Onsdag kom Sjøforsvarets musikkorps på besøk til Uskedalen skule og hadde ein flott konsert for alle elevane. Nokre heldige musikantar frå skulemusikken fekk også gleda av å spele i lag med dei.
Styret i skulemusikken sendte for ei tid tilbake inn ei søknad til Sjøforsvarets musikkorps med håp om å få tildelt ein rekrutterings-konsert. Uskedalen var heldige og vart valgt ut, og i dag kom det 8 dyktige musikantar som verkeleg trollbandt publikum i 30 minutt. I salen var det også elevar frå Malmanger, Husnes og Herøysund skule som fekk gleda av dette flotte arrangementet.
På ein underhaldande måte vart alle instrumenta presentert i tur og orden. Og med ein god dose humor og briljering på instrumenta, fekk dei publikum med seg.
Etter fengande toner frå mange av låtene i Flåklypa Grand Prix, avslutta dei konserten med å invitera inn nokre av våre lokale musikantar til å spele i lag med dei på den siste låta “Bæ, bæ, lille lam”.
Dette var ei flott oppleving og styret håper at fleire barn kjenner at dei får lyst å starta i korps etter denne dagen. Alle nye musikanter er velkomne!
Tekst/nett/foto: Marianne Korsvold